Vi arbeidde grundig med boka i 1995 og 1996, og hadde fleire flyturar for å få knipse dei rette fjella frå rett vinkel i rett lys. Det er ofseleg kaldt å henge ut gjennom eit flyvindu i 200 km/t i fleire timar. Men dei flottaste fotomotiva dukka likevel opp på vanlege toppturar då vi minst venta dei, og veret, skiføret og lyset plutseleg vart perfekt. Til saman har vi fått plass til over 500 fargebilde, noko som gjer boka svært informativ og inspirerande.
Boka har bidrag frå mange i det aktive lokale fjellmiljøet. Utan gode turvener, Kjetil si turskildring, god støtte og hjelp undervegs, ville det bli ei mindre komplett bok.
Visst har vi regn og dårlege vintrar innimellom, i januar og februar 1998 var det elendige skiforhold. I åra 2000 og 2005 var vinteren fantastisk. Som oftast kan du ta med skifellar og kamera ein dag mellom november og juli, trakke i motbakken i 3-4 timar, - resten er oppleving og fotomotiv.
Jon Hagen / Helge Standal