Mellom Grøndalen og Austefjorden ligg dette høgste fjellet i Volda kommune. Fjellet er faktisk høgare enn Kolåstinden og Jønshornet. Utsikta er særleg god sørover til nordfjordfjell og Jostedalsbreen.
Namnebruken på fjellmassivet og toppen er det usemje om, Kyrkjefjellet og Eidskyrkja vert nytta om einannan. Det ligg brear både på Eidskyrkjeplatået, på austsida, og Blåbreen på nordsida. Heilt nordvest på platået ligg eit liten spiss nut, Tårnet.
Rute 2.7 Skinnviksetra - Blåbreen - Eidskyrkja
Populær skitur frå setrevegen vert opna, vanlegvis til påske. Ruta kan ha skiføre heile juni. Trass i faremomenta er dette som oftast ein trygg skitur. Flott nedkøyring. Den freda spiralforma furua på Skinnviksetra er ein attraksjon.
Vanskegrad |
Middels vanskeleg |
Lengde |
4 km frå Skinnviksetra. 6-7 km frå riksveg 651. |
Stigning |
1090 m frå Skinnviksetra. 1400 m frå riksvegen. |
Faremoment |
Orienteringsvanskar i toppområdet. Ver merksam på fonnutsette skråningar i Blåbreheida. Snøklumpar opp Blåbreen og ei bresprekke langt nede på vestsida av Blåbreen gir sjeldan problem. |
Flyfoto av Eidskyrkja frå nordvest:

Vegval: Køyr 2 km vestover frå Fyrde i Austefjorden, og du finn brått Skinnvikdalsvegen. Gå eller køyr opp bomvegen til Skinnvikdalssetra.
Frå setra går du i retning nedre enden av moreneryggen som kjem ned frå Lissje Eidskyrkja, vidare skrått opp i sørvestleg retning ca. 200 m opp til flatare terreng før du går bort til den 25° bratte bakken opp Blåbreen. Start oppstiginga aust for eit lite vatn som du kan ane som ei grop i snøen, og hald ca 100 m avstand frå fjellveggen oppover langs Blåfjellet.
Frå der Blåbreen flatar ut, er det 1 km sør–sørvest til varden.
Sesong: Best i april, mai og juni.

Vermelding, Eidskyrkja