Lite brukt skiterreng med ville omgivelsar tett innpå. Ved desse fjelltoppane kryr det med tindenåler, og landskapet endrar seg for kvar gong du tørkar sveitten i motbakkane. Fjellnamnet er etter Hjørundfjord–entusiasten Kristofer Randers, som vel ikkje utmerka seg med stor aktivitet på denne tinden. Merk deg at desse rutene også fører opp til nordegga på Mohns Topp og til Bladet.
Frå Synnavindsnipa ser du tvers over fjorden. Ytstenesdalen er til venstre, Inste Årsnesdalen til høgre. Randers Topp er den kvite pyramiden. Jønshornet bak til høgre.
Rute 6.4 Årsneset – Inste Årsnesdalen
Litt einsformige omgjevnader i første del av oppstiginga, men du endar i ein rik tindevrimmel. Nedkøyringa er ei av dei flottaste på Sunnmøre! Eit stykke oppe i dalen finst restar etter eit vakarhus, brukt av gjetargutar den tida bjørnen herja i området. Inste Årsnesdalen er også kalla Heimedalen.
Vanskegrad |
Vanskeleg |
Lengde |
3–4 km |
Stigning |
1410 m. Heile ruta har eit snitt på 25 ° helling. |
Utstyr |
Isøks når snøen er hard opp toppbakken til Randers Topp. |
Faremoment |
Ei bresprekke i 1150 m høgde er delvis synleg. Luftig topp med skavl. |
Vegval: Parker ved det stygge fonnvernet sør for Årsneset. Årstid og snømengder må avgjere vegval; gamleråsa gjennom skogen nord for elva, eller sør for elva. Frå 200 m høgde kan du følgje ein rygg midt i dalen, og i 1000 m høgde kjem du inn på breen. Sprekkene gir sjeldan vanskar. Du får ei litt bratt kneik opp til 1300 m, sving sørover til Bladet før du kryssar breen nordvestover langs tinderekkja. Siste hundre høgdemeter til topps er relativt bratte, men vanlegvis kan du baute heilt opp.
Beste sesong: April og mai.
Rute 6.5 Årsneset – Ytstenesdalen – “Rysletta”
Ei favorittrute som til og med kan overgå skituren til Kolåstinden når det gjeld variasjon, terreng, utsikt og omgjevnader. Turen inneheld alt frå fjord til tind, og er ideell frå påske og utover. Pål og andre har rydda sledevegen gjennom skogen. Nedkøyringa kan vere litt bratt frå Rysletta og ned i Ytstenesdalen, og litt trasig i skogen, renn difor ned rute 6.4 gjennom Inste Årsnesdalen, og du får den perfekte rundtur.
Vanskegrad |
Vanskeleg |
Lengde |
4-5 km |
Stigning |
1410 m |
Utstyr |
Isøks? |
Faremoment |
Skredutsett i delar av Ytstenesdalen, utglidingsfare i sida frå Ytstenesdalen til Rysletta. Luftig topp med skavl på nordsida. |
Vegval: Start ved det stygge rasoverbygget rett sør for Årsnesgardane. Ein idyllisk oppmura sledeveg skjuler seg i den bratte skogen mot Ytstenesdalen. Sledevegen går sørover frå taket på rasoverbygget, vidare opp ei opning i skogen under kraftleidninga, og du kjem inn på stien igjen som etter kvart er tydeleg oppmura. Kryss elva i Ytstenesdalen og nyt tindane som stikk opp medan du går opp til Storesteinen på 700 m. Der Ytstenesdalen flatar ut skal du skråe opp til høgre, og finne ein rygg eller ei renne som fører bratt opp til eit lite platå mellom Ytstenesdalen og Inste Årsnesdalen, Rysletta. Her må du kvile og nyte utsikta til Slingsbys Topp og eggane på Langnestinden. Så skal du skråe inn på breen øvst i Inste Årsnesdalen, og du kjem inn på rute 6.4, med kort veg til Bladet, Mohns og Randers Topp.
Beste sesong: April og mai.
Vermelding Årsneset (rutestart)
Vermelding Jønshornet (nabotoppen t.h.)