Skiturar i Sunnmørsalpane. Fjella vest for Hjørundfjorden.

 

Lissje-Toren i Bjørkedalen

Saudehornet, 1303 m

Ruvande vulkanliknande fjell ved Ørsta sentrum. Saudehornet er det høgste fjellet vest på halvøya. Frå toppen er det fantastisk utsikt i alle retningar. Fjellet er også eit tydeleg landemerke som du ser frå mange av dei andre rutene og toppane som er omtala i denne boka. På Vartdal er fjellet kalla Tryhornet. I sørsida ligg Vallahornet, 833 m, det ragar litt høgare enn Melshornet. Dei låge voldafjella slepp sola til i Saudehornsida også midtvinters.

Rute 4.1 Ørsta – Vikeskåla – sørryggen

Ei av dei flottaste nedkøyringane på Sunnmøre. Vikeskåla samlar store snømengder, og skisesongen kan vare lenge her sjølv om terrenget ligg sørvendt. Ruta bør krydrast med ein snartur bortom Vallahornet. Berre periodevis ligg forholda til rette for bratt laussnøkøyring heilt frå toppen.

Vanskegrad Vanskeleg - (Lett til Vallahornet).
Lengde 3-4 km.
Stigning 1250 m frå sentrum. Sørryggen er nesten 40° bratt.
Faremoment Fonnutsett på vestsida av Vikeskåla og i renna langs sørryggen. Utglidingsfare siste 300 m opp sørryggen.
Utstyr Tidvis trong for isøks opp sørryggen


Ørsta sett frå Melshornet

Foto frå Melshornet med Ørsta i framgrunnen: (Hallbjørn Staurset)

Vegval: Ta av frå E 39 like aust for Domus midt i Ørsta sentrum, køyr opp Garvargata. Ved Håkonsgata skal du nokre meter til høgre før du tek til venstre så langt det er brøyta opp anleggsvegen mot bommen. Gå på ski nesten opp til fyllinga frå vass–tunnelen før du svingar inn i Vikeskåla. Vidare austover opp på den flate delen av ryggen mellom Vallahornet og Saudehornet. Følg sørryggen til den vert bratt. Oftast best utan ski vidare til toppen.

Anna rute: Ørsta – Vikeskåla – Skålaskaret – vesttoppen. Ein enklare variant av rute 4.1. Tidvis fonnutsett i 30° helling opp til Skålaskaret. Ofte avblåst og steinete opp ryggen til vesttoppen.

Sesong: Desember - april.

Vermelding Saudehornet 

Sætretindane

Jønshornet



Frå Saudehornet i puddersnø

Skondalen mot Sæbø

Nivane i desember

Juni

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no