Skiturar i Sunnmørsalpane. Fjella vest for Hjørundfjorden.

 

Lissje-Toren i Bjørkedalen

Levandehornet, 917 m

Artig namn på sukkertoppen med den loddrette nordsida. Fjellet ligg på sørsida av Årsetdalen på Vartdal. Toppen når du nesten like greit frå Fosshola på Vartdal, men vi beskriv ei finare rute opp forbi Busetsetra. Levandehornet vert kalla både Nonshornet og Middagshornet, alt etter kvar ein bur i Årsetdalen.


Rute 4.10
Busetsetra – Skorgedalen – Heiavatnet

Artig rute med ein bratt skogsveg før du rundar heile fjellet og kjem opp ein slakk rygg. Nedkøyringa er lett og grei, enkelte bratte skrenter mellom Heiavatnet og Skorgedalen.

Vanskegrad Lett
Lengde 4 - 5 km frå Årsetdalen. 3 - 4 km frå enden av setrevegen.
Stigning 780 m frå Årsetdalen.
Faremoment Skavl og stup på nordsida, skavl på austsida av toppryggen, som kan ha lite snø med oppstikkande stein.




Vegval:
Køyr frå Vartdal inn ei av sidene av Årsetdalen, og parker langs vegen på sørsida av elva. Følg setrevegen bratt opp forbi Busetsetra, og du får slakt terreng sørover Skorgedalen forbi Øyesetra nesten til Skorgestøylen. Så kan du ta vestover opp og forbi Heiavatnet til reset sørvest for Levandehornet. Vidare følgjer du ryggen eller går på vestsida av ryggen til topps.




Nedkøyring:
Frå toppen i 35° helling rett ned søraustsida til Skorgedalen. Kun for dyktige skikøyrarar på skredtrygge dagar.

Sesong: Desember - april.


Vermelding, Levandehornet

Sætretindane

Jønshornet

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no