Skiturar i Sunnmørsalpane. Fjella vest for Hjørundfjorden.

 

Lissje-Toren i Bjørkedalen

Liahornet, 1036 m

Den vestlegaste fjelltoppen på halvøya. Ein skarp topp med bratte sider mot Vartdalsfjorden. Det var her Ola Einang trena vinteren før han reiste til Everest i 1985. Grøthornet er nabotoppen på austsida. Skisesongen er kort så langt vest. Havlufta drep skiføret tidleg.

Rute 4.8 Halse - Liadalssetra - Skåla - Liahornet

Solrik rute sjølv midtvinters, og med flott utsikt til Liadalsnipa, utover Eiksund og øyane. Gode nedkøyringar til Skåla og Liadalssetra.

Vanskegrad Middels vanskeleg
Lengde 4 km.
Stigning 900 m frå Halse.
Faremoment Bratt stup på nordsida. Fonnutsett ein sjeldan gong mellom Skåla og Vardane. Stein kan stikke opp på ryggane.


Flyfoto frå sør med Liadal, eller Håvoll som mange seier, i framgrunnen.



Vegval:
Ta av frå E 39 ved skiltet "Halse 1,2". Køyr opp til Halse, og parker med omsyn. På ski kan du følgje skogsbilvegen 1 km innover dalen til ein stor snuplass. Så må du bratt 50 m rett vestover ned til sommarstien, og følge denne gjennom variert skog til Liadalssetra. Nord for elva som kjem ned frå Skåla må du baute forbi skoggrensa og inn i Skåla. Vidare går ruta i skrått terreng vest til Vardane, 7 - 800 m. Følg ryggen til topps.

Skisesong: Desember - mars.



Vermelding, Liahornet

Sætretindane

Jønshornet



Frå Saudehornet i puddersnø

Skondalen mot Sæbø

Nivane i desember

Juni

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no