Skiturar i Sunnmørsalpane. Fjella vest for Hjørundfjorden.

 

Lissje-Toren i Bjørkedalen

Sandhornet, 909 m

Triveleg skifjell nær Ørsta sentrum, eit av dei lågaste fjella i kommunen. Sandhornet har bratte skogkledde lier opp mot slakkare hellingar som svingar seg bratt opp til toppryggen.

Rute 4.13 Brudavollen – Rjopedalen

Flott skitur tidleg på vinteren når det er lite snø i området. Nedkøyringa oppom skoggrensa er flott og folkeleg, gjennom skogen nyttar du Kråkenakkvegen. Når det er mykje snø kan du svinge deg ned hogstfelta heilt til Barstad, der Kråkenakkvegen startar.




Sørhellinga frå toppen og ned til Rjopedalen er på 30 grader.

Vanskegrad Lett
Lengde Nesten 5 km.
Stigning 830 m frå dalen. 600 m frå enden av skogsvegen.
Faremoment Skavl på toppen og langs ryggen frå Rebbestadhornet. Orienteringsvanskar på toppkulen i dårleg sikt, også elvegjølet i Rjopedalen er skummelt i blindeføre.

Flyfoto av Sandhornet frå sørvest. Same vinkel som frå Melshornet. Bygging av skogsvegar har opna for lettare ferdsel i dette fine skiterrenget.

Vegval: Køyr riksveg 655 til Høgebrua i Åmdalen, følg skilting til Brudavollen. Gå opp vest for Brudavolltunet til skogsbilvegen, og sving vestover på den flate skogsvegen oppom utleigehyttene. Deretter første skogsveg til høgre, som du følgjer mot nordaust til skogen glisnar og du ser opp i Rjopedalen. Gå heilt inn i dalbotnen på vestsida av elvegjølet, og opp sida til salen mellom Rebbestadhornet og Sandhornet. Følg ryggen nordvestover til topps.

Skisesong: November - april.


Vermelding, Sandhornet

Sætretindane

Jønshornet



Frå Saudehornet i puddersnø

Skondalen mot Sæbø

Nivane i desember

Juni

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no