Skiturar i Sunnmørsalpane. Fjella vest for Hjørundfjorden.

 

Lissje-Toren i Bjørkedalen

Melshornet 807 m

Fjelltoppen mellom Ørsta og Volda. Populært utfartsmål heile skisesongen. Det einaste negative med fjellet er skyggen det kastar over Ørsta sentrum midtvinters. Flott utsikt, særleg ned til Ørsta og til fjella kring Follestaddalen og Bondalen.

Rute 3.8 Krøvelseidet - Melshornet.

Enklaste ruta til toppen, ypperleg topptur i den mørkaste årstida, og som ettermiddags skitrim for voldingar og ørstingar seinare på vinteren. Ruta vert ofte gått i fullmåne. Flott og lett nedkøyring heile ruta.



Vanskegrad Lett
Lengde 3 km
Stigning 560 m frå Krøvelseidet.
Faremoment Skavl på toppen med bratt stup ned mot Ørsta.


Vegval:
Køyr frå Volda gjennom Vikebygda eller frå riksveg 655 i Åmdalen til Krøvelseidet, god parkering ved vegen. Følg den beine løypa frå Helgatun 1 km nordover til nokre hytter, Kleppesetra. Der treff du vanlegvis preparert spor vidare oppover ei litt bratt kneik ved skoggrensa aust for Sandhornet. Ta sikte på austenden av den lange ryggen frå Grøthornet, og du kjem opp i ein liten dal, Skjervadalen, nord for lange skavlar. Resten av ruta er skrått terreng rett mot toppen.

Anna start: Reset. Frå varmestova ved skisenteret følgjer du preparert turløype nordaustover til hytteområde (Kalla Raudehytta og Kleppesetra), og du kjem inn på rute 3.8 frå Krøvelseidet.

Sesong: Desember - mars.



Vermelding for Melshornet 

Sætretindane

Jønshornet



Frå Saudehornet i puddersnø

Skondalen mot Sæbø

Nivane i desember

Juni

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no