4. utgåve



Frå Holedalen i Sunnylven

Leiemurar på Storetua

Leiemurar på Storetua
Idar A Krumsvik har hatt mange turar til Storetua på Folkestad. Der har han oppdaga lange leiemurar og mulige jaktgroper (bogestøer). Vi har formidla bilder vidare til arkeolog, som finn dette interessant. Det kan vere snakk om eldgamle jaktanlegg.

Iriss Forlag kan formidle slike funn vidare til fagfolk på området. Send gjerne bilder til oss om du kjem over slike kulturminne på dine fjellturar.

Arkeologen fortel:
Å få registrert inn slik informasjon er flott. I enkelte bygder i indre strok på begge sider av Oppplandsgrensa starta eit samarbeid mellom Ø. Mølmen og lokale soge- og eller jaktlag på å systematisk kartlegge fangstanlegg. Denne arbeidsforma har breidd seg vidare, og på indre strok på Sunnmøre er mykje kartlagt. Frå ytre strok har vi enkelte meldingar - og har noko kome i avvisa får vi straks melding om fleire. Tenk over om det kan vere aktuelt for dykk eller andre de kjenner i området å samle info meir samla om det som er kjent lokalt av murar og støer i fjellet.

 

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no