Tindekliv på Sunnmøre

Nokre blad or fjellsoga


Klatrehistoria på Sunnmøre er endeleg komen i bokform. Etter fleire års triveleg samarbeid med Dagfinn Hovden presenterer vi alpine fjellskrøner og ei mengd historiske klatrebilete. 

Forfattaren tek tak i det kjeldene fortel om dei første tindekliva på dei mest markerte fjelltoppane på Sunnmøre. Det er ei lyssetting på kva fjellfolk tenkte om tindane og kva dei gjorde for å nå til topps. Dagfinn har brevveksla og hatt nær kontakt med det historiske fjellmiljøet både i Noreg og i England. Dette for å sikre at alt vert så rett formidla som råd.

Dagfinn kjem fort inn på engelskmennene sine utrulege framstøytar mot sunnmørske tindar på 1800-talet. Folkelivet og levekåra i Sunnmørsfjordane den tida er levande skildra sett med utanlandske auge. Han skildrar også tindepionerar frå sin eigen generasjon, Arne Randers Heen og dei lokale tindeklubbmedlemane Hallkjell Buset, Peder Sørheim og Olav Helset sine bravader vinter og sommar er ein viktig del av innhaldet.

Dagfinn er fødd i 1924. I sin eigen frodige nynorsk, som er godt forankra i 1917-normalen, nyttar han ord og seiemåtar som dagens fjellfolk aldri har høyrt. Likevel vil du ut av samanhengen skjøne kva orda tyder. Teksten speglar daglegtalen og har mange gamle, folkelege uttrykk. Skrivemåten til stadnamn er heller ikkje konsekvent. Dette er med på å syne at dialekter, namn og seiemåtar kan skilje seg frå mann til mann, frå grend til grend, og frå tiår til tiår. Boka inneheld lange sitat frå både engelsk og norsk fjellitteratur. Også desse sitata har Dagfinn omsett i sin eigen språkbunad. Dette er med på å gi innhaldet den historiske susen som stoffet fortener.

For å gjere tindesoga mest mogleg komplett har Stig Helset og Helge Standal fått boltre seg litt i Dagfinn sitt manus. Dermed har vi fått med klatreepistlar
heilt fram til våre dagar.

Frå 12. oktober er boka i sal i bokbudene på Sunnmøre eller direkte frå forlaget.
 350,- kr. Eit varp. Førehandstinging på e-post til iriss@iriss.no

Tindekliv på tilbod

Tindekliv på tilbod Vi set ned prisen på denne klassikeren frå 350,- til 198,- kr frå og med 1. november 2016. Dermed har du ei svært billig gåvebok til alle fjellinteresserte sunnmøringar, og fleire til.
 
 

Boka har blitt film!

Boka har blitt film!

Sunnmøres Alpine Arv.

Eirik Vaage og Carl Nesset har jobba med filmen i mange år. No er den klar for visning på NRK1 tirsdag 15. mars 2016 kl 19.45. Fjelldokumentaren varer ein time. Undertittel: "Ei reise frå dei første tindepionerane til dagens bratte eventyr"
https://www.facebook.com/sunnmoresalpinearv

 

Boka har blitt film!

Boka har blitt film!

Sunnmøres Alpine Arv.

Eirik Vaage og Carl Nesset har jobba med filmen i mange år. No er den klar for visning på NRK1 tirsdag 22.mars 2016 kl 19.45. Fjelldokumentaren varer ein time. Undertittel: "Ei reise frå dei første tindepionerane til dagens bratte eventyr"
https://www.facebook.com/sunnmoresalpinearv


 
 

Tindekliv-signering i Volda laurdag 22. desember

Tindekliv-signering i Volda laurdag 22. desember  "Å skrive namnet mitt stygt eit par timar skal eg alltids greie", svara Dagfinn då han vart spurt om nok ein signeringsavtale.
Frå klokka 12 til 14 vert forfattaren å treffe på NotaBene i Volda. Kom innom, slå av ein tindeprat eller drøs litt om lokalhistorie og god nynorsk. Stig og Helge vert også ved bordet.
 

Sjå Dagfinn Hovden på NRK.no

Sjå Dagfinn Hovden på NRK.no NRK Møre og Romsdal presenterer forfattaren, boka og språket. Sjå innslaget på 5. min på nettet. Boka vekkjer merksemd og undring.
Her er lenke til NRK Møre og Romsdal si lokalsending 11. desember 2012.
 

Signering på Norli Ørsta

Signering på Norli Ørsta Laurdag den 15. desember vil Dagfinn Hovden signere boka Tindekliv på Sunnmøre frå kl 12.00 til 14.00.

Nytt høvet og slå av ein fjellprat eller ein språkprat eller ein lokalhistorisk prat med forfattaren. Stig Helset og Helge Standal sit også klare med pennen.
 
 

Bildeserie frå Tindeklivboka

Bildeserie frå Tindeklivboka Her er nokre av Hallkjell Buset sine velkomponerte bilete frå 1950, 1960- og 1970-talet.
 

Dagfinn Hovden i Åsentunet

Dagfinn Hovden i Åsentunet Den 18. november klokka 16 vil Iriss Forlag presentere boka Tindekliv i Åsentunet. Vi viser bilete frå boka på storskjerm.

Forfattaren Dagfinn Hovden vil fortelje frå boka saman med Helge Standal og Stig Helset. Open kafe.

Vel møtt!
 

Tindekliv - veterantreff

Tindekliv - veterantreff Bjarne Ugelvik frå Molde og Dagfinn Hovden frå Ørsta fortalte om gamle tindekliv ein heil dag den 24. oktober. 80-åringane bladde i Tindekliv-boka og kunne tilføye mange godbitar frå 1950- og 1960-talet i Sunnmørsalpane.
 
 

Fullt hus på lanseringskvelden

Fullt hus på lanseringskvelden Nær på 100 møtte opp på lanseringskvelden i Ørsta kunsthus for å høyre på Dagfinn Hovden sin presentasjon av Tindekliv-boka. Det var stor applaus etter fleire av tindehistoriene som Dagfinn fortalte.

Boka har ei inndeling etter fjell, under lanseringspresentasjonen delte vi tindehistoria inn etter dei viktigaste epokene:
 

 
 Rask levering
 Førpris: 350,- 
No på tilbod: 198,-


 Bestilling: iriss@iriss.no
eller her

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no