Som ein krans kring Molladalen ligg ei av dei finaste tinderekkjene i norsk natur. Ikkje kan den måle seg med Trolltindane i dimensjon eller Jotunheimen i antal meter over havet, men når det kjem til villskap og variasjon skal du leite lenge for å finne maken.
Naturen her inne kjem best til sin rett når skoddedottane leikar mellom pinaklar og spir,- og framhevar formasjonar du elles ikkje ser. Sjølv ein gammal Molladalstravar kan bli ståande som fjetra, når skodda leikande lettar litt etter litt. Først skimtar du berre einskilde spir og toppar gjennom hol i skoddesløret, men gradvis blir verda lysare og til slutt ligg tindevrimmelen og dalen bada i sol, medan skodda ligg igjen som eit teppe over dalane lenger nede. Ikkje mange stadar kan gi ein fjellvandrar tilsvarande sanseinntrykk som Molladalen i slik ei stund.
Sidan starten på 1900-talet og engelske klatrepionerar har Molladalen vore ein anerkjend klatrearena. Opp gjennom åra har klatreaktiviteten variert både sommar og vinter. Sommaraktiviteten tok seg kraftig opp med innføringa av svasko og nye sikringsmiddel tidleg på 1980-talet. Det umulige vart mulig og mange nye ruter i dei kompakte veggane vart til.
Fjellkvaliteten er god og klatringa er variert med riss, dieder og sva som ingrediensar i dei fleste rutene. Veggane er bratte og klatringa ligg på eit vanskenivå som verkar tiltrekkjande på moderne klippeklatrarar. Men Molladalen er langt frå noko klippeklatrefelt. Du er absolutt i fjellet og bør vere utrusta deretter.
Det som etter vår meining er det finaste med Molladalen er at den byr på noko for ein kvar smak. Du kan klatre harde veggruter, velge ei lettare tinderangelrute eller bestige ein av dei mange pinaklane. Du kan ta ein fottur til ein av toppane eller berre gå ein tur gjennom dalen for å mosjonere, fiske litt, og ta bilder i fin natur. Dalen har eit stort potensiale for nye klatreruter. Mange fine linjer berre 'ventar på' førstebestiging.
Med eit utval av ord, kart og skisser frå boka om Molladalen har vi prøvd å beskrive dei etablerte rutene og stiane slik at det skal vere lett å finne fram dit du har lyst.
Denne skissa er klikkbar.