Molladalen 1989
 


Frå Dosethrisset på Randers Topp



Teltleir, Tårnet og Randers Topp

Mohnsmassivet

Dette var tidlegare det mest besøkte klatreområdet i Molladalen. Framtredande og dominerande fjellformasjonar virkar tiltrekkande på dei fleste som kjem inn Molladalsporten. Dessutan ligg kjendisnåla Bladet ved breen bak Mohns Topp, og denne er nermast eit samleobjekt for tindeelskande fotografar. Frå Mohns Topp har du oversyn over alle tindane i Molladalen. Ein klassisk klatretur går via sørryggen på Holtanna, rapell ned forbi holet, vidare opp Sofaruta på Mohns Topp, og ned nordegga til Bladet.

Langs breen mellom Mohns og Randers Topp ligg ei rad med småtoppar, desse var besøkt av Hallkjell Buset med fleire på 50-talet, - dei fann då mosegrodde vardar på desse småtaggane.

Alle anmarsjar frå Molladalen til Mohnsområdet passerer Børresteinen, ca 45 minutt frå teltplassen til innstega.

Rute 4.5 Mohnsrenna

dette er den vanlege vegen opp til inste Årsnesbreen, Mohns Topp og Bladet, og kan reknast som ein litt avansert fottur med lette klyveopptak. Renna vert oftare gått ned enn opp, då den utgjer returen frå mange klatreruter. Trafikken i renna har rensa vekk ein del lausmasse, men ver likevel forsiktig, og har du hjelm så bruk den her.

Mohnsrenna passerer Mohns Pinakkel, og skaret bak pinakkelen kan brukast som anmarsj til ruter på vest- og sørsida av Mohns Topp. Litt bratt klivring rett nord for pinakkelen.

Ei renne like nord for Mohnsrenna er litt slakkare i øvre delar, men den har eit klatreopptak (grad 3) på høgde med H3-nåla.

Snøen ligg i Mohnsrenna ei stund ut på forsommaren, og mange let seg freiste av rask glissade og skikøyring.

Tid: Du må rekne med 1 time frå teltplassen og opp heile renna.
Vanskegrad: 2

Rute 4.13 Nordegga, Mohns Topp

Nordegga har to-tre luftige passasjar som nokre likar å sikre med tau. Ruta startar om lag der Mohnsrenna sluttar, og vegvalet seier seg sjølv. Frå skaret bort til toppen er det ca 150 meter. Dette er ein ypperleg fottur for litt flogsterke fotturistar som ser utfordring i meir enn raudklatta T-løyper.

'Traversing across snow and boulders from Randers Topp'

Første gong: C.W. Patchell og E. Slater i 1904.
Lengde: Om lag 150 m frå skaret
.
Vanskegrad
: 2






Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no