Molladalen 1989
 


Frå Dosethrisset på Randers Topp


RISSUM

Ytstenesdalen


Skisse av Jon Hagen.

Ytstenesdalen er den villaste av nabodalane til Molladalen, ein favoritt for dei få som har vandra gjennom dalbotnen. Det er relativt greit å gå frå Molladalen til Ytstenesdalen like sør for Holtanna, ein middels vanskeleg overgang. Ein dagstur med klatring i Ytstenesdalen gjer du enklast med start frå Hjørundfjordsida (omtale i Skiturar i Sunnmørsalpane). Frå Ytstenesdalen ser du austsida av Mohnsmassivet, eit like imponerande skue som frå Molladalssida Rennene nedover mellom Bladet og Kanonløpet er meir ruskete og uframkomelege enn det ser ut for på skissa, men med litt tid er det råd å krongle seg både opp og ned utan tau, eit stykke vest for Giganten.

Bladet og Giganten er litt vekkgøymde, medan Kanonløpet ligg klistra utanpå austegga på Mohns Topp, og er synleg frå mange kantar. Slingsbys Topp utgjer sørsida av Ytstenesdalen, med ein imponerande nordvegg. Store delar av veggen ser fast ut, men vi har ikkje høyrt om klatreforsøk her.

Rute 5.9 Bladet (Kålbaldet, Sverdet)

Molladalens logo, og den mest klatra pinakkelen i området. Frå vest ser det vanvittig smalt ut, og det er obligatorisk med eit bilete frå denne kanten av alle som karrar seg til topps.

Anmarsj: Frå Børresteinen opp Mohnsrenna, vidare bak på breen. Ca 75 minutt frå teltplassen.

Vegvalet er så lett at det er unødvendig med eiga ruteskisse. Ruta går frå austsida og opp søraustsida av Bladet. Vanskelegaste passasjen er høgt oppe.

Første gong: Adolf Liaaen og Reiulf Hagen 1929
Vanskegrad: 4
Utstyr: Eit kileknippe og nokre litt store slynger.
Lengde: 15-20 meter
Retur: Med ei stor slynge rundt toppen kan du få ein artig rapell ned nordsida til Årsnesbreen, eller du kan klatre ned igjen til innsteget.



Frå Bladet går eit fjellmassiv austover mot Rysletta, sørsida av massivet har opp til 100 meter høge veggar som bør vere interessante for klatresugne. Vi kjenner to ruter som er klatra her, dei ligg til høgre for skissa:

 

Blåsebelgen

1 taulengde fin klatring langs skiver. Standal/Lundberg på 80-talet.

Rissum

2 taulengder heilt aust i massivet. 2. taulengde i ei bratt plate med fleire grove riss, 6+
Ryslett/Standal 1997.

 

 

 

 

 

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no