Jønshornet er høgste toppen ved Molladalen, 1419 meter, berre 5 meter høgare enn Randers Topp. Jønshornet vert også kalla Ramoen, og er frå førteknologiske tider eit av dei fjella som havfiskarane orienterte seg etter i godt vêr. Jønshornet er godt synleg frå indre bydelar i Ålesund, og eit flott skue frå Hundeidvik eller Emblem. Toppen er sjølvsagt eit populært mål for fjellkjære ålesundarar, og i boka på toppvarden kan du lese om vitjingar frå fjern og nær.
Vestegga på Jønshornet går nedover mot Nyfjellet, og omfattar også Pinakkelområdet. Søregga strekkjer seg ned til Raudetårnet, og Sørlege Jønshorn ligg eigentleg sørvest for hovudtoppen. Nordvestover går ei egg til Ramtinden, og mot aust ligg Jønshornbreen som er breen i Ytste Årsnesdalen. Austlege Jønshorn ligg bratt opp for breen.
Fram til ca 1880 vart det tatt ut is frå Jønshornbreen. Den vart frakta i løypestreng på kryss og tvers nedover Ytste Årsnesdalen, og vidare med båt til fiskelager i Ålesund.
Jønshornet kan du nå frå fleire ulike utgangspunkt utan å nytte tau, også frå Molladalen.
Rute 2.1 Jønshornrenna
Ei mykje brukt topptur-rute.
Det går ein sti like til venstre for renna frå Molladalen og heilt opp til vestegga. I det tronge midtpartiet går stien opp ein bratt rygg. Det er betre å gå opp ryggen enn i sjølve renna slik mange gjer. Oppom ryggen er terrenget litt slakkare, her bør du ta sikte på den lågaste delen av eit belte med bratte knausar, her går du lett opp på vestegga. Vidare er det lett klying på egga, eller under bra snøforhold over ein sidebratt snøbre nord for egga bort til den eigentlege Jønshornrenna. Siste stigning opp til toppen er opptrakka med ein del lausgods. Sjølve toppen kan du nå ved å krype gjennom eit hol, eller via eit luftig opptak til venstre for holet.
Tid: Ca 90 minutt frå teltplassen.
Utstyr: Solide sko. Ei isøks kan vere godt å ha når snøen er hard, men det er sjeldan trong for øks i juli og august.