Molladalen 1989
 


Frå Dosethrisset på Randers Topp



Teltleir, Tårnet og Randers Topp

Raudetårnet

Frå sør ser Raudetårnet ut som ein høg og smal pinakkel med raudleg fjell. Frå sida avslører den seg som ein dobbel fortopp på den lange søregga som går nesten til hovudtoppen på Jønshornet. Det kan vere ein lang dagstur å først klatre til topps på Raudetårnet, og fortsette vidare langs søregga på Jønshornet (Rute 2.9). Raudetårnet kan ha hatt besøk før 1975, årbøker til DNT opplyser om fleire som har klatra pinakkel i Jønshornmassivet, og dette tårnet er den mest markerte pinakkelen i massivet.

Rute 2.10 Sørveggen, Raudetårnet

Ruta går i venstre del av sørveggen. I første taulengde kan du velge mellom eit riss i ein liten vegg, eller opp små dieder til venstre. Grei klatring med ein litt luftig utgang til svatraversen i 2. taulengde. 3. taulengde har eit kort 5- opptak til litt slakkare terreng. Mot toppen var det tidlegare laust, men lausgods skal vere rydda av banen.

Første gong: Knut Festø og Tore Lundberg 1975
Første vinterbestigning: Tore Mork og Morten Høydal 23. mars 1996
Utstyr: Du kan klare deg med eit standard kileknippe.
Vanskegrad: 5-
Lengde: Om lag 100 m.

Alternativ lettare linje har innsteg 15 m på skrå opp til høgre for hylla. Firerklatring ei taulengde opp hjørnet og eit dieder, derifrå felles linje med den andre ruta til topps.

Retur: To rapellar ned på vestsida i faste rapellfester.
Alternativ retur kan gjerast ved å klatre vidare til neste tårn, rapellere 5 meter ned på egga, og følgje denne vidare. Etter ei taulengde på egga kan du gå ned i renna på vestsida.

Tommeliten

Til høgre for Raudetårnet finn vi Tommeliten, ein liten krokete pinakkel. 

Nordsida:
Nordsida er lett grapseklatring, "på kne og olboga", med eit lite opptak på slutten.

Førstebestigning: Stig Endre Moe og Kåre Løvoll, 1991
Dei topptaua øvste taulengda av fronten (sørsida)

Sørsida:
Første taulengde opp kamin med litt løs blokkoppstabling i
toppen. Andre taulengde fra hylle og opp fronten på pinakkelen.
Cruxet er heilt på slutten (6-) og er skikkeleg  eksponert, men ok sikra.

Førstebestigning Stig Endre Moe, Alf Tore Engeset og Kristian Scatvedt, 1992.
Vanskegrad: 6-
Lengde: To taulengder.

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no