Molladalen 1989
 


Frå Dosethrisset på Randers Topp



Teltleir, Tårnet og Randers Topp

Vestre del av Sørlege Jønshorn

Nedre del av denne pillaren har eit innbydande fast svaparti med mange riss og antydning til diederformasjonar. Midtre delen har store dieder som skråar oppover til venstre mot egga. Toppdelen er eit kompakt bratt 30-40 meter høgt parti med eit nydeleg riss i. Nye variantar, ruter og korreksjonar er lagt inn med raud farge.

Anmarsj: Frå teltplassen til Reiulf Steen, vidare rett opp til høgre for Jønshornrenna, 1/2 time frå teltplassen.

Rute 2.2 Sørvestegga på Jønshornet

Ein ny "klassikar" som representerte eit lite gjennombrot i tankegang og klatreambisjonar i 1980. Variert klatring, med kaminen i 3. taulengde som kuriositet. Ruta er mykje klatra. Innsteg under sikk-sakk-dieder. Første taulengde 45 meter rett opp diederet til god hylle på egga. Taulengda kan omgåast ved å følgje egga eller eit slakkare dieder til høgre. Dei 4 neste taulengdene fyl stort sett egga. Anbefalast!

Første gong: Iver Gjelstenli, Tore Lundberg og Bjørn Magne Øverås 1980.
Utstyr: Nyttig med fleire store friends i 1. og 3. taulengde.
Vanskegrad: 5+
Lengd: Omlag 200 m

Rute 2.3 Dobbel Dajm

Artig lita rute som endar opp ved MysostenSørvestegga. Innsteget er det litt vanskeleg å angi nøyaktig pga store variasjonar i snømengda. Ta difor peiling på den store blokka midt i andre taulengde. Cruxet er litt vanskeleg å sikre, det kan omgåast til høgre. Etter at føraren kom ut melder mange at det er vanskeleg å finne denne ruta, men alle diedera under osten er blitt klatra, og har gradering rundt 6.

Første gong: Merete og Finn Flø sommaren 1989.
Vanskegrad: 6
Lengde: 90 m

Rute 2.4 Snickers

Det beste som skjedde på rutefronten sommaren 1989? Versjonen som vi har valgt å skildre plukkar med seg ei stjernetaulengde og låner eit dieder frå Raude orm. Går du topprissvarianten får du ei nydeleg eksponert taulengde på kjøpet.

Første gong:
Til osten: Ole Haltvik og Tore Lundberg mai 1989.
Til topps: Jon Hagen og Helge Standal juni 1989.
Vanskegrad: 6
Lengde: 200 m

Rute 2.5 Raude orm

Ruta slynger seg opp høgresida av veggen, og plukkar med seg flotte klatreformasjonar oppover. Femte taulengde har eit off-width dieder, men du kan sikre i eit tynt riss til høgre. Ruta er blitt forsøkt forlenga til topprisset mange gongar utan å lukkast. Ein vanleg utgang på ruta etter off-width diederet er topprisset på Gullvafla like rundt hjørnet til høgre.

Første gong: Tore Lundberg og M.L. Johansen i 1985.
Utstyr: Friends nr 4 i 5. taulengde!
Vanskegrad: 6
Lengde: 200 m

Rute 2.13 Vårkåt

Faste fine taulengder med tynne riss til høgre for Snickers. Førstebestigarane hadde ein teknisk passasje i kulda, som dei meiner ville gå som 7- i fri.

Første gong: Rune Homlung og Christian Schatvedt påska 1996.
Vanskegrad: 7-
Lengde: 100 m ny klatring.
Skissert med raud farge

Retur: Frå toppen av rutene kan du rapellere etter 3 faste rapellfester ned vestveggen til Jønshornrenna. Vidare ned renna eller vest for renna til teltplassen.

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no