NB: Korrekt plassering av faste rapellfeste frå Molladalstårnet er teikna inn på skissa i år 2000. Sjå bilde nederst på denne sida.
Denne oversiktsskissa viser Molladalens mest sentrale klatreområde når det gjeld flott og vanskeleg veggklatring. Diederveggen er den klart brattaste, og den har vore klatra på 90-talet. Dei andre veggane fikk fine ruter på 80-talet.
Bak Tårnskaret, på nordsida av desse fjella ligg Jønshornbreen. Frå denne breen og opp til toppane er det bratte veggar, men samanlikna med dei kompakte og faste sørvendte veggane, er nordveggane torv- og mosefylde, og inviterer ikkje til moderne fjellklatring.
Med unntak av rutene på Randers Topp krev alle rutene i dette området rapell for å kome ned igjen. På Molladalstårnet er det satt opp faste rapellfester. I Tårndalen under veggane ligg mykje snø langt utover sommaren, og store smeltesprekker mot veggane kan vere vanskeleg å passere.
Rute 3.4 Normalvegen, Molladalstårnet
Ei av dei verkelege pionér-rutene i Molladalen. Dette er lettaste tilkomst til Molladalstårnet frå dalsida. 2-3 bratte hamrar i den lause renna er den vanskelegaste delen av ruta. Linjevalget gir seg stort sett sjølv. Lett scrambling frå skaret langs egga etter kvart på store blokker til den svært luftige toppen.
Anmarsj: Frå teltplassen til Reiulf Steen, vidare på skrå opp i Tårndalen, ca 45 minutt frå teltplassen.
Første gong: P. Devold, E.F. Eckhoff og R. Tønnesen i 1936
Første vinterbestigning: Johan Inge Kjellstad og Grethe Bjørdal 14. februar 1993.
Utstyr: Noko meir avansert enn kilar skulle vere unødvendig her.
Vanskegrad: ca 4
Lengde: Ca 200 m
Retur: Tradisjonell retur har vore ned Tårnrenna med fleire rapellar i grumsete terreng. Mange returnerer også via Trekkspelveggen, og har opplevd fastkila tau. Vi anbefalar rapell via renna vest for sørvestflanken.
Andre ruter i Tårndalen:
Sørpillaren på Randers Topp:
3.12 Dosethruta
3.13 Randersnatten
Rute 3.14 Randers Topp via Kruttårnrenna
Dette er ein av tilkomstane til inste Årsnesbreen og dermed både til Randers og Mohns Topp i tillegg til Bladet. Ingen som går her treng bruke tau, men det er absolutt på sin plass med ein porsjon fornuft. Ta spesielt omsyn til at 'små steinar med stor fart kan skade folk lenger nede'. Snøtilhøva i renna kan gjere behovet for ei isøks påtrengande.
Frå teltplassen til Børresteinen og vidare opp under H-3 nåla. Ta til venstre og heilt opp under sørveggen på Kruttårnet, vidare som innprikka på skissa skrått ned i Kruttårnrenna. Frå toppen av renna er det greit å gå på snø, eller ut på sommaren tendens til sti opp austsida av Randers Topp.
Første gong: C. W. Patchell og V. Slater i 1904.
Tid: Nesten to timar frå teltplassen.
Utstyr: Isøks enkelte kalde forsommardagar.
Vanskegrad: 2 i Kruttårnrenna.
Retur: Med retur austover inste Årsnesbreen og ned Mohnsrenna får du ein fin rundtur.
Plassering av faste rapellfeste frå Molladalstårnet: