Noko av det første som fell ein klatreentusiast i auga i Molladalen er Sørpillaren på Randers Topp. Ein lys kompakt vegg som strekkjer seg mot synsranda om lag midt i dalen. Lenge vart den sett på som tilnærma ubestigelig av lokale klatrarar heilt til Hans Christian Doseth og Ragnhild Amundsen fann ein veg opp i 1984. Sørpillaren byd på noko av den flottaste klatringa du finn i Molladalen, og er eit absolutt 'must' for den som er på bølgelengde med graderinga her.
Anmarsj: Snøfeltet ved foten av Sørpillaren har varierande høgde, er bratt og krev solid fottøy. Ein sikra tilkomst til starthylla kan av og til vere betre enn å hakke trinn i snøen.
Rute 3.12 Dosethruta
3 taulengder opp dei nydelege liggande sva-diedera. kort travers, og opp ca 30 m til den trange rampen under topprisset. Toppveggen blir forsert via risset lengst til venstre. Blytungt, men lettgått teknisk dersom syresprengen i armane skulle bli for prekær. Ruta er blitt repetert i god stil, også via ei meir direkte linje under 6+risset.
Første gong: H. C. Doseth og R. Amundsen 1984.
Utstyr: Rikeleg med middels store friends i cruxet.
Vanskegrad: 6+
Rute 3.13 Randersnatten
Ei samling variantar av Dosethruta som gir jamnare og kanskje endå finare klatring opp pillaren. Ruta går frå den eine fine formasjonen til den neste, med eit nokså kontinuerlig vanskenivå på 5+/6-. Ei av dei desidert finaste rutene i dalen. Anbefalast!
Første gong: J. Hagen, J. S. Bjørdal, H. Standal, K. Solbakken i juli 1988
Utstyr: Helst eit par store friends i tillegg til standard sikringsrack.
Vanskegrad: 6-
Retur: Oppover ei ruskete egg og ned normalvegen til Randers Topp, gjennom Kruttårnrenna eller Mohnsrenna.
Kommentarar:
Randersnatten, Messiasrisset, stjernetaulengda på 6- høgt oppe. Vi syntest kanskje taulengda holdt 6 samanlikna med taulengdene lenger nede.
(ho fortjener stjernene altså!). Sveinung Råheim, sommaren 2000.