Fullt hus på lanseringskvelden

Fullt hus på lanseringskvelden
Nær på 100 møtte opp på lanseringskvelden i Ørsta kunsthus for å høyre på Dagfinn Hovden sin presentasjon av Tindekliv-boka. Det var stor applaus etter fleire av tindehistoriene som Dagfinn fortalte.

Boka har ei inndeling etter fjell, under lanseringspresentasjonen delte vi tindehistoria inn etter dei viktigaste epokene:

Frå 1866 til 1908 var det engelskmennene som dominerte i Climbers book og anna tindelitteratur. Dei hadde med seg lokale bønder som ofte sto for klivinga i den "spisse" enden av tauet. 

Frå 1908 kom ålesundarane på tindebana, først Ålesunds skiklub på tindane rundt Standaleidet, seinare Helge Hagen med brødre, og Adolf Liaaen. Dei fann tindenælene interessante.

Etter krigen, og særleg frå 1950-talet  og fram til 1975, kom Dagfinn og andre ørstingar inn i klatresporten. Saman med Olav Helset, Peder Sørheim og Hallkjell Buset vart det gjort mange vinterkliv i Sunnmørsalpane. Arne Randers Heen frå Åndalsnes kom ofte til Sunnmøre for å klive saman med desse karane.

På 1970-talet vart også studentar interesserte i tindekliv, og på 1980-talet var det ei særleg aktiv periode med ei stor gruppe ørstingar som nytta tau på tindane. Det var det tiåret at fjellveggane i Molladalen fikk mange nye ruter.

Siste 20 åra har Åsmund Vaage og Stig Helset vore dei mest aktive i Sunnmørsalpane. Toppturar på ski kombinert med kvasse vinterkliv på Giganten og andre kvasse taggar har vore trenden. No er Sunnmørsalpane ein internasjonal kjend arena for mange typer bratte aktivitetar.

Det var stor trengsel for å få kjøpe bok, og alle fikk forfattaren si helsing i boka.

 

Mellom dei frammøtte var også Hallkjell Buset, tidefotografen, som no er 80 år. Her med bilete av Holtannspinakkelen på baksida av boka.


 
 Rask levering
 Førpris: 350,- 
No på tilbod: 198,-


 Bestilling: iriss@iriss.no
eller her

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no