Tindekliv - veterantreff

Tindekliv - veterantreff
Bjarne Ugelvik frå Molde og Dagfinn Hovden frå Ørsta fortalte om gamle tindekliv ein heil dag den 24. oktober. 80-åringane bladde i Tindekliv-boka og kunne tilføye mange godbitar frå 1950- og 1960-talet i Sunnmørsalpane.
Bjarne tok forsidebilde i boka i 1965. Då hadde desse karane klatra ilag i meir enn ti år. Bjarne klatra svært aktivt i dei åra. Mellom anna klatra han Slogen frå fjorden i 1959. Bilete han tok heng framleis mellom dei kongelege på hotel Union på Øye. Same året klatra han Sylen frå sør, ei rute som viser på bilete over, og som har grundig omtale i boka.

Journalist Iver Gjelstenli intervjua veteranane, og resultatet er ei 3-sides reportasje i Romsdal Budstikke 3. november.


 
 Rask levering
 Førpris: 350,- 
No på tilbod: 198,-


 Bestilling: iriss@iriss.no
eller her

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no