25 år etter at boka om Molladalen frå 1989 vart utseld, har Tommy Skeide laga ein ny fabelaktig førar for klatring i Molladalen, klatrefelt og buldresteinar på Sunnmøre.
NB: Boka er ikkje gitt ut på Iriss Forlag, og kan ikkje bestillast hos oss. Boka kan bestillast på moreklatring.no
Boka til Tommy Skeide har tittelen "Sunnmøre. Frå tindar til kampesteinar".
Den har allereide blitt omtalt som norges beste klatrebok, av Iver Gjelstenli i Romsdal Budstikke.
Tommy har lagt ned ein kjempejobb med å dronefilme alle veggar i Molladalen i rett vinkel for å få det beste lyset. Han har tatt utrulege klatrebilder frå drona, og i tillegg laga ein film som du kan så på nett. Sjå lenke under her.