Mogop i Jotunheimen


 

Fotturboka utseld. Iriss Forlag avviklar

Fotturboka utseld. Iriss Forlag avviklar

 

Etter 22 år med 4 utgåver av Fotturar på Sunnmøre er boka utseld frå forlaget. Til saman har vi selt 33 000 eksemplar av denne boka. Truleg den mest selde lokale boka på Sunnmøre. 

Vi har bøkene Sjå Søre Sunnmøre og Tindekliv på Sunnmøre på salg til ein god pris, og kan levere desse fram til påske. Deretter avviklar vi aksjeselskapet.

Det har vore eit frodig eventyr for oss å jobbe med dei 6 titlane frå 1989 og fram til no, Vi påstår at Iriss Forlag har fornya turboksjangeren i Norge. Til saman er meir enn 55000 bøker selde frå vårt hobbybaserte forlag.

I ei periode kunne vi ha satsa profesjonelt på forlagsverksemd, Sunnmøre har marknad for det. Men både Jon og Helge hadde andre spennande jobbar, og dette var medverkande til at planane vi hadde for nye utgivelsar vart utsatt og lagt vekk. Skibok for austsida av Hjørundfjorden, ny bok om Molladalen, Ny utgåve av Jotunheimbok og 5. utgåve av Fotturar på Sunnmøre vart dermed droppa.

No er det opp til nye kostar å lage spennande bøker om dette fantastiske området. Ein aktiv dronepilot vil kunne fornye sjangeren med endå betre bildevinklar av fjellrutene, - enn det vi greide å knipse frå nabofjell og ein gamal Cessna.

Spesielt artig er det at dei to første bøkene våre, Molladalen og Skiturar i Sunnmørsalpane, har fått kultstatus og er spesielt etterspurte. Brukte eksemplar kan omsetjast for eit par tusen kroner, - har du eit brukteksemplar som støvar ned, så kan du legge det ut på nettet for sal.

Vi vil takke for godt samarbeid med lokale forhandlarar av bøkene våre! Vi takkar også alle fjellfolk som har vore med som turfølge og informantar på utallige turar i landskapseventyret.

Nokre hendingar:

I 1989 brukte vi NTH (NTNU i Trondheim) si stordatamaskin for å designe Molladalsboka.

I 1996 var vi det første forlaget i Norge med eigne nettsider. Vi publiserte førerapportar frå skirutene fleire vintrar.

I 1999 måtte vi pantsette huset for å få råd til trykking av første utgåve av Fotturar på Sunnmøre. Heile opplaget var utselt på 6 veker, i god tid før jul.

I 2009 hengde Dagfinn Hovden eit plastnett på ytterdøra, med maskinskrive manus til Tindekliv-boka. Ingen andre forlag var aktuelle for han. 

I 2018 vart vi hoffleverandør med direkte bestilling frå det kongelige slott.


Den nye forsida til 4. utgåve 

Fotturer i Jotunheimen

Sjå Søre Sunnmøre
Førpris: 450,-
No på tilbod: 298,-


Førpris 350.-
No på tilbod: 198,-

Rask portofri levering
  Bestilling: iriss@iriss.no

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no