Nye nettsider
Iriss Forlag var eit av dei første forlaga med eigne nettsider. I 1997 hadde vi fyldige sider om utgivelsane, med aktuelt bildestoff. Etter 12 år med flate filer tek vi no i bruk eit proffesjonelt publiseringsverktøy.
I mange år fungerte nettsidene våre som ein oppdatert skiguide for Sunnmøre. Snø- og føreforhold, skredfare og turrapportar vart oppdatert fleire gongar i veka gjennom vårhalvåret. På den måten fikk vi god kontakt med skiinteresserte, ikkje berre i Norge, men frå heile Europa. Spesielt har svenskane vore ivrige etter info om skiforholda på Sunnmøre.
Vi har som mål å ha med alt fjellstoffet som låg på dei gamle sidene våre. I tillegg kjem ein del bildeseriar.
Gyldendal og Aschehoug har etter kvart kome etter oss og tatt i bruk nettet slik forlag bør gjere. Som eit hobbybasert forlag har vi ein låg utgivelsesfrekvens, det er ikkje kvart år vi er innom trykkeriet.
25/4/2009
Skrevet av
Helge.