Mogop i Jotunheimen


 

Lanseringskveld i Ørsta

Lanseringskveld i Ørsta
Tindekliv på Sunnmøre vert presentert i Ørsta kunstlag sine lokale torsdag den 11. oktober kl 19.00. Boka kjem i sal i bokbuder på Sunnmøre fredag den 12. oktober.
 
Boka er i stort format på 140 sider og har 205 bilete, mest historiske foto.

Under lanseringa vert det vist bilete frå boka på storskjerm, og vi fortel om dei viktigaste epokene i sunnmørsk klatresoge. Det vert høve til å kjøpe bøker etter lanseringa, og er du heldig får du forfattaren sin signatur i boka.

I boka skildrar Dagfinn Hovden på heilstøypt sunnmørsk dei første kliva i Sunnmørsalpane frå starten i 1866 og fram til vår tid. På humoristisk vis får vi oppleve korleis engelske pionerar såg på folkeliv og samferdsel i Hjørundfjorden for over 100 år sidan.

Forfattaren går grundig inn på korleis norske klatrarar tok opp arven etter pionerane, både tilreisande og lokale fjellfolk. Her er mange forvitnelege historier frå Kolåstinden, Kvitegga, Slogen, Råna, Slingsbys Topp, Giganten og fleire tindenæler under skiftande forhold sommar og vinter.

Dagfinn Hovden er no 88 år, han har vore medlem i Norsk Tindeklub i meir enn 50 år. Gjennom heile livet har han vore oppteken av tindelitteratur, og har eit stort og fargerikt minne frå mangfaldige turar i norske fjell. Dette deler han med lesaren på si rike dialekt med lokale underfundige uttrykk. Stig Helset og Helge Standal kompletterer boka gjennom klatreepistlar frå dei siste åra i Molladalen.

Torsdag den 11. oktober klokka 19 vert boka lansert på kunsthuset i Ørsta. Den kjem i sal i bokbudene på Sunnmøre frå fredag den 12. oktober. Kan og bestillast direkte frå Iriss Forlag i e-post iriss@iriss.no Dette er ei må-ha-bok for einkvar med sans for Sunnmørsalpane.


Den nye forsida til 4. utgåve 

Fotturer i Jotunheimen

Sjå Søre Sunnmøre
Førpris: 450,-
No på tilbod: 298,-


Førpris 350.-
No på tilbod: 198,-

Rask portofri levering
  Bestilling: iriss@iriss.no

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no