Mohnsmassivet - klatring
Vi har no i juni 2014 lagt ut ei PDF-fil på ca 16 MB med mange ruteskisser frå austlege delar av Molladalen. Dvs Steinansiktet, Kruttårnet, Mohns Pinakkel og vestsida av Mohns Topp og Holtanna. Dette er ein beta-versjon av kapittel 4 i boka om Molladalen.
Tre klatrarar har sendt ruteinformasjon og bilder til oss siste året. Dette er mest frå kapittel 2, Jønshornmassivet og kapittel 3, Tårndalen. Vi satsar på å legge ut oppdatert versjon av desse kapitla innan 3. juli.
3 av 5 kapittel i boka om Molladalen er dermed lagt ut som uferdige PDF-filer. Kapittel 1 om Pinakkelområdet og kapittel 5 om Ytstenesdalen er ikkje publiserte endå.
Vi tek imot meir ruteinformasjon for slik publisering frå alle som klatrar i Molladalen.
Her er lenke til fila:
http://www.iriss.no/web/NettskoleRessurs.axd?id=96555f24-7a2d-4cd5-a559-97ba9915da46
22/6/2014
Skrevet av
Helge.