Lansering i Åsentunet 2. november
Gunnar Wangen og Iriss Forlag presenterer den nye praktboka 'Sjå Søre Sunnmøre' i Åsentunet fredag 2. november klokka 19.00.
På storskjerm vil du få vist oppslag frå boka og ei serie med bilete frå fjell, fjord og fjøre. Forfattarane fortel om arbeidet med boka.
Det vert høve til å kjøpe bøker etter framsyninga, og få signatur av forfattarane.
Kafeen vert open. Ta kveldsmaten og bokpraten i same slengen.
Vel møtt!