Fakta og fabuleringar om fjell, fjord og fjøre.
Ved naturfotograf Gunnar Wangen og Helge J. Standal
I panoramaformat viser denne boka landsdelen i alle slags vinklar og variantar frå mikroskopiske paddeegg til vitale tettstadar og snøkledde Sunnmørsalpar. Naturfotograf Gunnar Wangen trollbind publikum med detaljar, lyssetting og linjeføring i eit veldig fargespekter.
Boka er inndelt i hovudkapitla skummande strender, fjetrande fjordar og fantastiske fjell. Siste del viser vår frodige fauna, spor etter naturkrefter og menneske, og til slutt årstidene på Søre Sunnmøre. Teksten spenner frå lette skildringar til detaljert fakta.
Boka viser dei beste blinkskota frå Gunnar sine kamera det siste tiåret. Helge Standal og Kjell Ivar Øye supplerer med 10 foto kvar.
Ei storslått «kaffibordsbok» på heile 240 sider med mange 60 cm breie panoramabilete. Vakrare har du aldri sett vår vakraste landsdel.
Førpris 450,- kr.
No på tilbod: 298,-
Innbunden: 29x22 cm
ISBN 9788299208185
Bestill på e-post gunnar@naturfotografen.no