Sjå Søre Sunnmøre

Fakta og fabuleringar om fjell, fjord og fjøre.

Ved naturfotograf Gunnar Wangen og Helge J. Standal



I panoramaformat viser denne boka landsdelen i alle slags vinklar og variantar
frå mikroskopiske paddeegg til vitale tettstadar og snøkledde Sunnmørsalpar. Naturfotograf Gunnar Wangen trollbind publikum med detaljar, lyssetting og linjeføring i eit veldig fargespekter.

Boka er inndelt i hovudkapitla skummande strender, fjetrande fjordar og fantastiske fjell. Siste del viser vår frodige fauna, spor etter naturkrefter og menneske, og til slutt årstidene på Søre Sunnmøre. Teksten spenner frå lette skildringar til detaljert fakta.

Boka viser dei beste blinkskota frå Gunnar sine kamera det siste tiåret. Helge Standal og Kjell Ivar Øye supplerer med 10 foto kvar. 

Ei storslått «kaffibordsbok» på heile 240 sider med mange 60 cm breie panoramabilete. Vakrare har du aldri sett vår vakraste landsdel.
                        
Førpris 450,- kr.
No på tilbod: 298,-

Innbunden: 29x22 cm                       
ISBN 9788299208185

Bestill på e-post
gunnar@naturfotografen.no

Sjå Søre Sunnmøre framleis å få

Naturfotograf Gunnar Wangen tek over sal og distribusjon av boka Sjå Søre Sunnmøre

 
 

Tilbod

Tilbod

Sjå Søre Sunnmøre er på tilbod. Prisen er sett ned med 150,- kroner. Ei betre gåvebok om Sunnmøre er ikkje å oppdrive!

No er prisen på 298,-

GOD JUL!

 

Fotografen signerer bøker

Laurdag 22. desember vil Gunnar Wangen signere boka Sjå Søre Sunnmøre på NotaBene i Volda frå klokka 14. til klokka 16. Helge Standal blir også ved bordet. Kom innom og ta ein foto- eller bokprat!
 
 

Signering på Norli, Amfisenteret, Ørsta

Signering på Norli, Amfisenteret, Ørsta Det vert boksignering frå klokka 14.00 til 16.00 på Amfisenteret i Ørsta laurdag den 15. desember. Gunnar og Helge sit klare med pennen. Ta ein fotoprat på laurdagshandelen!
 

To presentasjonar i Aasentunet

To presentasjonar i Aasentunet Både under lanseringa og på presentasjonen sist søndag sat eit begeistra publikum i salen. Tilhøva for å vise bilete på storskjerm er framifrå i dette lokalet. Benkeradene var fullast den 18. november. Den dagen hadde vi også ein presentasjon av 'Tindekliv på Sunnmøre'.
 

Hektisk signeringsdag på NotaBene Volda

Hektisk signeringsdag på NotaBene Volda Det var tett med kundar under signeringa på lisjefarsdag i Volda. Butikksjefen var vel nøgd med salet, og vi vart sittande på overtid og prate med interesserte.

Dei fabelaktige bileta vert sett stor pris på, men denne gongen fikk vi også skryt for teksten :)
 
 

Sjå Søre Sunnmøre i Åsentunet

Sjå Søre Sunnmøre i Åsentunet Iriss Forlag får presentere to bøker denne søndagen. Tindekliv på Sunnmøre kl 16:00. Deretter Sjå Søre Sunnmøre ca kl 17:00. Bildeseriane vert om lag dei same som under lanseringane.
 

Signering på NotaBene i Volda

Signering på NotaBene i Volda Laurdag 10. november, dagen før farsdag, vert det boksignering i Volda kl 12.00 til 14.00. Kom innom og ta ein bokprat på NotaBene Volda, den nyaste og flottaste bokhandelen på Sunnmøre!
 

Lansering i Åsentunet 2. november

Lansering i Åsentunet 2. november Gunnar Wangen og Iriss Forlag presenterer den nye praktboka 'Sjå Søre Sunnmøre' i Åsentunet fredag 2. november klokka 19.00.

På storskjerm vil du få vist oppslag frå boka og ei serie med bilete frå fjell, fjord og fjøre. Forfattarane fortel om arbeidet med boka.

Det vert høve til å kjøpe bøker etter framsyninga, og få signatur av forfattarane.

Kafeen vert open. Ta kveldsmaten og bokpraten i same slengen.

Vel møtt!
 

Sjå Søre Sunnmøre

Førpris: 450,-
No på tilbod: 298,-

Rask levering.
Bestilling: gunnar@naturfotografen.no

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no