Mogop i Jotunheimen


 

Sjå Søre Sunnmøre framleis å få

Naturfotograf Gunnar Wangen tek over sal og distribusjon av boka Sjå Søre Sunnmøre

 
 

Fotturboka utseld. Iriss Forlag avviklar

Fotturboka utseld. Iriss Forlag avviklar Fotturboka utseld. Iriss Forlag avviklar

 

Etter 22 år med 4 utgåver av Fotturar på Sunnmøre er boka utseld frå forlaget. Til saman har vi selt 33 000 eksemplar av denne boka. Truleg den mest selde lokale boka på Sunnmøre. 

Vi har bøkene Sjå Søre Sunnmøre og Tindekliv på Sunnmøre på salg til ein god pris, og kan levere desse fram til påske. Deretter avviklar vi aksjeselskapet.

 

Frå tindar til kampesteinar

Frå tindar til kampesteinar

 

25 år etter at boka om Molladalen frå 1989 vart utseld, har Tommy Skeide laga ein ny fabelaktig førar for klatring i Molladalen, klatrefelt og buldresteinar på Sunnmøre.

NB: Boka er ikkje gitt ut på Iriss Forlag, og kan ikkje bestillast hos oss. Boka kan bestillast på moreklatring.no


 
 

Utsolgt fra forlaget

Utsolgt fra forlaget

"Fotturer i Jotunheimen" er i august 2018 dessverre utsolgt fra forlaget.

Planen om ny utgave er i 2020 lagt bort.


 

Tindekliv på tilbod

Tindekliv på tilbod Vi set ned prisen på denne klassikeren frå 350,- til 198,- kr frå og med 1. november 2016. Dermed har du ei svært billig gåvebok til alle fjellinteresserte sunnmøringar, og fleire til.
 

Tindekliv-boka har blitt film!

Tindekliv-boka har blitt film!

Sunnmøres Alpine Arv.

Eirik Vaage og Carl Nesset har jobba med filmen i mange år. No er den klar for visning på NRK1 tirsdag 15.mars 2016 kl 19.45. Fjelldokumentaren varer ein time. Undertittel: "Ei reise frå dei første tindepionerane til dagens bratte eventyr"
https://www.facebook.com/sunnmoresalpinearv


 
 

Drei Gründe, ein Buch zu lieben

Drei Gründe, ein Buch zu lieben Fotturer i Jotunheimen – drei Gründe, ein Buch zu lieben, auch wenn man kaum ein Wort versteht. Man kann sich schon fragen, warum man ein Buch auf Norwegisch konsultieren sollte. Björn Stade.
 

Tilbod

Tilbod

Sjå Søre Sunnmøre er på tilbod. Prisen er sett ned med 150,- kroner. Ei betre gåvebok om Sunnmøre er ikkje å oppdrive!

No er prisen på 298,-

Vi sender fraktfritt, eller du kan stikke innom ein bokhandel på Sunnmøre, dei har den i butikken.

GOD JUL!

 

To oppdaterte filer

To oppdaterte filer

PDF-filene om kapittel 2 og 3 i boka om Molladalen er no litt meir oppdatert med nokre nye ruter. Filene manglar framleis ein del ruteinformnasjon.Du finn dei her.

 Dei nye rutene i Jønshornmassivet heiter Clostridium, Ecoli og Gyllum. I kapittelet frå Tårndalen er det lagt inn ei skildring frå ruta Superjam, nokre bilder og om rutene "Prinsen og Prinsessen" frå 2010 og "Direktesending" frå 2011.

 
 

Mohnsmassivet - klatring

Mohnsmassivet - klatring

Vi har no i juni 2014 lagt ut ei PDF-fil på ca 16 MB med mange ruteskisser frå austlege delar av Molladalen. Dvs Steinansiktet, Kruttårnet, Mohns Pinakkel og vestsida av Mohns Topp og Holtanna. Dette er ein beta-versjon av kapittel 4 i boka om Molladalen.

 

 

Sjå Dagfinn Hovden på NRK.no

Sjå Dagfinn Hovden på NRK.no NRK1 presenterer forfattaren, boka og språket. Sjå innslaget på 5. min på nettet. Boka vekkjer merksemd og undring.

Her er lenke til NRK Møre og Romsdal si lokalsending 11. desember 2012.

 

Tindekliv-signering i Volda

Tindekliv-signering i Volda  "Å skrive namnet mitt stygt eit par timar skal eg alltids greie", svara Dagfinn då han vart spurt om nok ein signeringsavtale.
Frå klokka 12 til 14 laurdag 22. desember vert forfattaren å treffe på NotaBene i Volda. Kom innom, slå av ein tindeprat eller drøs litt om lokalhistorie og god nynorsk.
 
 

Fotografen signerer bøker

Laurdag 22. desember vil naturfotograf Gunnar Wangen signere boka Sjå Søre Sunnmøre på NotaBene i Volda frå klokka 14. til 16.
Helge Standal blir også ved bordet.

Kom innom og ta ein foto- eller bokprat!
 

Signering på Norli Ørsta

Signering på Norli Ørsta Laurdag den 15. desember vil Dagfinn Hovden signere boka Tindekliv på Sunnmøre frå kl 12.00 til 14.00.

Nytt høvet og slå av ein fjellprat eller ein språkprat eller ein lokalhistorisk prat med forfattaren. Stig Helset og Helge Standal er også klare med pennen.

Klokka 14.00 til 16.00 signerer Gunnar Wangen og Helge Standal boka Sjå Søre Sunnmøre. Vel møtt til fotoprat med meir.
 

To presentasjonar i Aasentunet

To presentasjonar i Aasentunet Både under lanseringa og på presentasjonen sist søndag sat eit begeistra publikum i salen. Tilhøva for å vise bilete på storskjerm er framifrå i dette lokalet. Benkeradene var fullast den 18. november. Den dagen hadde vi også ein presentasjon av 'Tindekliv på Sunnmøre', der Dagfinn Hovden sine forteljingar vakte applaus og godlått i salen.
 
 

To kapittel frå Molladalsboka

To kapittel frå Molladalsboka Etter mange år med oppfordringar om å gi ut boka på nytt, eller i alle fall ein PDF-versjon på nett, har vi no lagt ut to kapittel for nedlasting.

Kapitla vil vere interessante for klatrarar som er ute etter ruteskisser. Det er to store filer som kan trenge tid å laste ned. Det er snakk om uferdige betaversjonar av kapitla.
 

Dagfinn Hovden i Åsentunet

Dagfinn Hovden i Åsentunet Den 18. november klokka 16:00 vil Iriss Forlag presentere boka Tindekliv på Sunnmøre, Nokre blad or fjellsoga i Åsentunet. Vi viser bilete frå boka på storskjerm.

Forfattaren Dagfinn Hovden vil fortelje frå boka saman med Helge Standal og Stig Helset. Open kafe.
 

Sjå Søre Sunnmøre vert presentert i Åsentunet 18. november

Iriss Forlag får presentere to bøker denne søndagen. Tindekliv på Sunnmøre kl 16:00. Deretter Sjå Søre Sunnmøre ca kl 17:00. Bildeseriane vert om lag dei same som under lanseringane, men i tindeklivpresentasjonen legg vi meir vekt på bileta denne gongen.
 

Hektisk signeringsdag på NotaBene Volda

Hektisk signeringsdag på NotaBene Volda Det var tett med kundar under signeringa på lisjefarsdag i Volda. Butikksjefen var vel nøgd med salet, og vi vart sittande på overtid og prate med interesserte.

Dei fabelaktige bileta vert sett stor pris på, men denne gongen fikk vi også skryt for teksten :)
 

Signering på NotaBene i Volda

Signering på NotaBene i Volda Laurdag 10. november, dagen før farsdag, vert det boksignering i Volda kl 12.00 til 14.00. Kom innom og ta ein bokprat på NotaBene Volda, den nyaste og flottaste bokhandelen på Sunnmøre!
 

Lansering i Åsentunet 2. november

Lansering i Åsentunet 2. november Gunnar Wangen og Iriss Forlag presenterer den nye praktboka 'Sjå Søre Sunnmøre' i Åsentunet fredag 2. november klokka 19.00.

På storskjerm vil du få vist oppslag frå boka og ei serie med bilete frå fjell, fjord og fjøre. Forfattarane fortel om arbeidet med boka.

 

Tindekliv - veterantreff

Tindekliv - veterantreff Bjarne Ugelvik frå Molde og Dagfinn Hovden frå Ørsta fortalte om gamle tindekliv ein heil dag den 24. oktober. 80-åringane bladde i Tindekliv-boka og kunne tilføye mange godbitar frå 1950- og 1960-talet i Sunnmørsalpane.
 

Fullt hus på lanseringskvelden

Fullt hus på lanseringskvelden Nær på 100 møtte opp på lanseringskvelden i Ørsta kunsthus for å høyre og sjå Dagfinn Hovden sin presentasjon av Tindekliv-boka. Det var stor applaus etter dei mange tindehistoriene som Dagfinn fortalte.

Boka har ei inndeling etter fjell, under lanseringspresentasjonen delte vi tindehistoria inn etter dei viktigaste epokene:
 

Lanseringskveld i Ørsta

Lanseringskveld i Ørsta Tindekliv på Sunnmøre vert presentert i Ørsta kunstlag sine lokale torsdag den 11. oktober kl 19.00. Boka kjem i sal i bokbuder på Sunnmøre fredag den 12. oktober.
 
Boka er i stort format på 140 sider og har 205 bilete, mest historiske foto.

 

Kjøp ein plakat

Kjøp ein plakat Vi kan no tilby 10 ulike plakatar av utvalgte dobbelsider frå boka Fotturar på Sunnmøre. Plakatane er 48x33 cm og vert leverte utan ramme. Ideelle for å henge opp på hytteveggen eller heime, super turinspirasjon.

Sjå oversikt over plakatane her.
 

God start på fottursesongen 2012

God start på fottursesongen 2012 Mai og juni var nesten utan nedbør på Sunnmøre, det vart tørt på stiar og i terrenget. Det er etter tilhøva mykje snø over 1000 m høgde, men kyststiane har ypperlige forhold.

Slogen og andre tindar ligg klare og ventar på sommarbestigning!
Bildet er tatt frå Stennes i Norangsfjorden tidleg i juni. Vegen frå Norang til Stennes er så godt som utan trafikk, ein flott veg å gå tur på.
 

22 nådde alle 10 fjelltoppane

22 nådde alle 10 fjelltoppane Sparebank1 Søre Sunnmøre si toppturkonkurranse fikk stor oppslutning. Boka Fotturar på Sunnmøre var ein av premiane til alle dei 22 som greidde å gå til topps på 10 utvalde toppar på 10 veker. I alt 340 små og store deltok i konkurransen. Bokpremie vart trekt ut til ca 40 topptrimmarar.
Vi har fått låne eit av deltakarbilda frå banken.
 

Leiemurar på Storetua

Leiemurar på Storetua Idar A Krumsvik har hatt mange turar til Storetua på Folkestad. Der har han oppdaga lange leiemurar og mulige jaktgroper (bogestøer). Vi har formidla bilder vidare til arkeolog, som finn dette interessant. Det kan vere snakk om eldgamle jaktanlegg.

Iriss Forlag kan formidle slike funn vidare til fagfolk på området. Send gjerne bilder til oss om du kjem over slike kulturminne på dine fjellturar.
 

Topptur med Sparebank1 Søre Sunnmøre

Topptur med Sparebank1 Søre Sunnmøre
Frå 15. juli kan du ta del i Sparebank1 Søre Sunnmøre si topptur-tevling. I løpet av 10 veker vert 10 ruter til fjelltoppar på Søre Sunnmøre presentert på banken si Facebookside. Der kan du konkurrere om flotte premiar ved å sende inn bilde frå toppen.

På Iriss Forlag sine sider (her) kan du laste ned utskriftsvennlege ruteskildringar frå boka.
 
 

Planlegg sommarturen i sofaen

Planlegg sommarturen i sofaen Fottursesongen er her. Ferien nærmer seg. Det er tid for å planlegge sommerens fotturopplevelser. Våre to bøker gir deg all informasjon som er nødvendig i forberedelsene til to av de mest spennende turområdene i Norge. Jotunheimen og Sunnmøre. Bestill direkte fra forlaget, vi leverer fraktfritt også til Sverige og Danmark.
 

Godt sal også etter julerushet

Godt sal også etter julerushet "Fotturar på Sunnmøre" var bestseljar i dei aller fleste bokhandlar på Sunnmøre jula 2010. Og det gode salet held fram utover vinteren. 1/3 av opplaget er borte etter 4 mnd. 
Vi ventar aukande interesse for boka framover til sommarsesongen. Juli, august og september har vi størst etterspurnad. 25 000 eksemplar av denne tittelen er selde sidan 1999. Heldigvis har vi nok bøker på lager for nokre år framover.
 

Svar på Julequiz

Kvar er forsidebilde på 4. utgåve ifrå?

4. januar 2011: Vi har fått inn mange svar, og ikkje alle var rette. Både Sylen og Sætretindane har vore foreslått. Det rette svaret er frå austegga på Kolåstinden. Fjellformasjonen heiter Fuglenebbet. Det er omtalt side 47 og side 199 i boka. Helge Standal er fotograf. 

Trond Holstad frå Singsås var mellom dei som svarte rett, og er den heldige vinnaren. Bok er tilsendt.
 

Boksignering i Ulsteinvik og Volda

Boksignering i Ulsteinvik og Volda Laurdag den 11. desember arrangerte Eiken Libris i Ulsteinvik boksignering av Fotturar på Sunnmøre. Det var stor interesse den vesle timen Helge og Gunnar var i gang, og fleire entusiastar møtte opp. Sunnmørsposten har gjort ei rundspørjing, og hos dei fleste bokhandlane på Sunnmøre er denne boka mestselgande no i førjulsstresset.

Fredag den 17. desember vert det boksignering hos NotaBene i Volda om kvelden.
 

Lansering i Fosnavåg

Lansering i Fosnavåg Laurdag 27. november vart 4. utgåve av Fotturar på Sunnmøre lansert på Vestvang bokhandel i Fosnavåg. Både media og publikum viste stor interesse for alle nyvinningane i denne utgåva. Vi måtte signere bøker på overtid.
 

Vi er i gang med distribusjon

Fotturar på Sunnmøre er no på lager i Volda, og distribusjonen kom så vidt igang på onsdag. Vi er godt fornøgd med jobben som er gjort på Merkur Trykk i Oslo, og hos innbindaren i Skien. No har vi 1500 bøker i bestilling, og rikelig på lager.
Vi reknar med å levere i Ålesund på torsdagen. Alle som har bestilt, vil få leveranse seinast i løpet av mandag 29. november.
 

700 bøker førehandsbestilt

700 bøker førehandsbestilt Det er svært stor interesse for 4. utgåve av 'Fotturar på Sunnmøre'. To månadar før lansering har vi mottatt førehandsbestillig på tilsaman 700 bøker. Og det er før vi har sendt ut tilbod til butikkane. Framdrifta i arbeidet går bra, heilt i slutten av november finn du boka i butikkane på Sunnmøre. I tilllegg til bokhandlarar vil vi prøve å få boka ut i enkelte sportsbutikkar og i daglegvarebutikkar i distrikta.
 
 

Kapitel Volda auf Deutsch

Kapitel Volda auf Deutsch

Michael Ninnemann aus Deutschland hat aus eigenem Interesse mehrere Kapitel des Buches „Fotturar på Sunnmøre“ (Wanderungen in Sunnmøre) ins Deutsche übertragen.
Er ist begeistert vom Wandern in Norwegen, speziell von den wilden Bergen Sunnmøre Alpen, und wollte auch seiner Familie die Texte des Buches zugänglich machen.

 

Nye nettsider

Nye nettsider Iriss Forlag var eit av dei første forlaga med eigne nettsider. I 1997 hadde vi fyldige sider om utgivelsane, med aktuelt bildestoff. Etter 12 år med flate filer tek vi no i bruk eit proffesjonelt publiseringsverktøy.
 

Rosende omtale

Rosende omtale I media har Fotturer i Jotunheimen fått rosende omtaler. 

Romsdal Budstikke: Dei 339 sidene i «Fotturer i Jotunheimen» osar av turglede og kvalitet. ...ei fjellturbok som stiller alle andre bøker i denne sjangeren fullstendig i skuggen.

Oppland Arbeiderblad: "et fantastisk flott oppslagsverk"
 

Nyttig turbok

Nyttig turbok Avisomtale om 'Fotturer i Jotunheimen' i Gudbrandsdølen Dagningen:
Svært informativ og nyttig turbok. Det blir utan tvil enklare å peile seg inn på neste tur i Jotunheimen med dette gode hjelpemiddelet i bokform. 
 

Den nye forsida til 4. utgåve 

Fotturer i Jotunheimen

Sjå Søre Sunnmøre
Førpris: 450,-
No på tilbod: 298,-


Førpris 350.-
No på tilbod: 198,-

Rask portofri levering
  Bestilling: iriss@iriss.no

Iriss Forlag AS    |    Holebrauta 155, 6165 Sæbø  |    Mob 48 11 73 02    |   Orgnr. 915 454 526 MVA   |    E-post: iriss@iriss.no